Utskriftsvennlig versjon

Styret ved Høgskulen i Volda

 Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Styret har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet, og at institusjonen vert driven effektivt og i samsvar med lover, reglar, rammer og mål som styresmaktene set.

Styret skal avgjere strategien for høgskulen si drift og ta viktige avgjerder i samband med økonomi, fagleg utvikling og intern organisering.

Styret er samansett slik:

  • Fire eksterne representantar; to oppnemnde av Møre og Romsdal fylke, to oppnemnde av Kunnskapsdepartementet med personlege vara
  • To representantar valde av det vitskaplege personalet med to vararepresentantar
  • Ein representant valde av teknisk/administrativt tilsette med ein vararepresentant
  • To studentrepresentantar med to vararepresentantar

Oppnemnings- og valperioden er på fire år, med unntak av studentrepresentantane som vert valde for eitt år om gongen.

Rektor er styret sin leiar, prorektor er nestleiar og høgskuledirektøren styresekretær.

Forretningsorden for arbeidet i styret for Høgskulen i Volda:

Laster...