Utskriftsvennlig versjon

Arkivorganisering

Høgskulen i Volda vart i 1994 organisert med eitt sentralarkiv.

Høgskulen er etter arkivlova forplikta til å ta vare på sine arkiv, og til å halde desse tilgjengelege for innsyn i samtid og ettertid. Dette gjeld både for papirbaserte og elektroniske arkiv.

I arkivforskrifta §5-1 står det følgjande:

"Arkiv som ikkje lenger er i bruk for administrative formål (eldre arkiv), og arkiv etter organ som er nedlagde eller har avslutta verksemda si (avslutta arkiv), skal avleverast til arkivdepot."

Riksarkivet er depot for elektroniske system og fagsystem. Statsarkivet i Trondheim er arkivdepot for Høgskulen i Volda sine papirbaserte arkiv.

Laster...