Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda vart stifta i 1994 etter at Volda lærarhøgskule og Møre og Romsdal distriktshøgskule Volda vart slått saman.

Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal. Vi gjev fag- og profesjonsutdanningar på bachelor-, master- og PhD-nivå for skule og barnehage, velferd, media og kultur. Utover den regionale rolla har høgskulen desse nasjonale satsings-områda:

  • Yrkesretta medieutdanning
  • Nynorsk i utdanning, forsking og formidling
  • Fleksible vidareutdanningstilbod

Høgskulen i Volda har over 4000 studentar og 350 tilsette.

Laster...